Nasjonal Gråtass & veterantraktorparade

Liv Kristin Sola

Gråtassar, så laaaaaangt du kan sjå, oppstilt langs innkjøringa til «Huse på Jæren», nord for Bryne sentrum. Sola bleinkar i nypolerte panser. Raude og blå, kvite og grøne traktorar, men aller flest GRÅTASSAR.

Attende i tid

Politi sørger for at trafikken må vika. Sjåførane klatrar opp i setet, vrir om tenninga. Godlyden breier seg, og dei første traktorane sig ut på hovudvegen. Sakte nærmar dei seg rundkøyringa, passerer Felleskjøpet og dagens maknadsplass, kjøpesenteret M44. Den lange kortesjen vingar inn mot sentrum og fyller Storgata.

Eksosen legg seg tjukt over dei mange skodelystne som har samla seg for å helsa veteranane velkommen til byen og torget. Det er smil og det er sang. Det er reiskapar frå farne tider. Fattigmannskassa er, som seg hør og bør, fylt med «kvinner og barn», i lag med potet og korn. Klar for å selja markens grøde til by-folket.

Gråtassar og andre veteranar, er fast innslag på Potetfestivalen på Bryne kvart år. I fjor vart det verdsrekord, målt i tal på Gråtassar som køyrer etter kvarandre på rekke, med 45 Gråtassar. Årets parade utgjorde heile 63 Gråtassar, og ny verdsrekord med klar margin. Totalt var det nærare 100 veterantraktorar som inntok Bryne denne laurdagen.

Auka interesse

Interessa for veterantraktorar og gamle reiskapar er aukande. Gammeltraktorens Venner – Norsk Forening for Landbruksteknisk Historie – vart stifta i 1982. Foreninga har 2200 medlemmar (2015) over heile landet. Foreninga har som mål å heva interessa for å sette i stand og ta vare på traktorer og landbruksmaskiner av historisk verdi, skriv dei på nettsida si.

Stiftinga Jæren Gråtasslaug vart skipa i oktober 2014. I årsmeldinga frå 2015, skriv dei om 60 innmeldingar i lauget i 2015, og ved årsskiftet hadde Jæren Gråtasslaug 91 medlemmar.

Overveldande stemning

– Det var ei spesiell oppleving å sjå rekka av traktorar som starta frå Huse på Jæren, kommenterer Trygve Ødemotland. – Og då me kom inn i Storgata vart det mest litt overveldande å oppleva stemninga, legg han til.

Trygve oppmodar alle veterantraktorentusiastar til å finpusse traktoren og stille til start i paraden neste år.

Sjølv har bonden skaffa seg tre Gråtassar. Veteranar som har stått stua vekk i fleire år, men er fiksa opp og pussa reine og blanke. Han har vald å halde på originallakken på dei gamle traktorane. Heime på garden har han ei god samling med gamle reiskapar som er produsert på Jæren opp gjennom historia.

– Det har vore ein aktiv og stor reiskapsproduksjon her på Jæren, ei historie det er interessant å ta vare på, understrekar jærbonden.